Statsforvaltaren har gitt fråsegn til to nasjonale høyringar av nye og endra statlege planretningslinjer
Forslag til ny statleg planretningslinje for arealbruk og mobilitet og endra statleg planretningslinje for energi- og klimaplanlegging og klimatilpassing (føreslått forenkla til statleg planretningslinje for klima og energi) har vore på høyring.
Statsforvaltaren i Rogaland meiner at begge retningslinjene gir føringar som er nødvendige for å betre ta i vare omsynet til vern om verdifulle areal, reduksjon i klimagassutslepp og tilpassing til eit klima i endring. Vi har likevel nokre innspel til forbetringar i begge retningslinjene, og meiner at særleg forslaget til statleg planretningslinje for arealbruk og mobilitet gir for svake føringar for ein del tema. Dei to retningslinjene må vidare samordnast slik at det er samsvar mellom føringar for same eller liknande tema. Våre fråsegn kan lesast i vedlegga på denne sida.
Gode intensjonar, men svake føringar i statleg planretningslinje for arealbruk og mobilitet
Brei og samordna samfunns- og arealplanlegging er avgjerande for berekraftig arealbruk og mobilitet framover. Derfor støttar vi at den nye retningslinja har fått eit breiare fokus enn den gjeldande planretningslinje for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Vi ser likevel ikkje at retningslinja gir tilstrekkeleg tydelege føringar for å ivareta alle desse omsyna i den regionale og kommunale planlegginga. Vi saknar føringar for korleis desse omsyna skal vegast mot kvarandre, og kva krav som blir stilt til grunngjeving og alternativvurderingar. For svake formuleringar, og mykje bruk av ordet «bør», framfor «skal» eller «må» gir og stort rom for tolking.
Vi saknar vidare eit større fokus på regional planlegging som viktig verkemiddel for å handtere spørsmål og problemstillingar på tvers av kommunegrensene, og meiner at den geografiske differensieringa som er føreslått treff dårleg for Rogaland.
Vi ser det som positivt at samfunnstryggleik, beredskap og naturfare er tatt inn som eit eige tema i retningslinja. Dette er eit område som vi lenge har hatt fokus på i våre fråsegn til kommunale planar i Rogaland. Vi saknar her eit breiare fokus, og peiker på at endringar i den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa inneber større forventningar til heilskapleg planlegging som og sikrar totalberedskapen for landet.
Klar forbetring og tydelege føringar i statleg planretningslinje for klima og energi
Dei føreslegne retningslinjene stiller klarare og meir konkrete krav, noko som er nødvendig for å kunne nå klima-, natur og energimåla våre. Dei nye retningslinjene er ei klar forbetring frå dei gjeldande retningslinjene, med tanke på ambisjonsnivå, rolleavklaring, konkretisering av forventningar til dei ulike forvaltningsnivåa og korleis forvaltninga skal avvege ulike omsyn.
Samtidig vurderer vi at retningslinja ikkje vil vere tilstrekkeleg for å nå klimamåla for 2050. Retningslinja bør derfor reviderast i 2030, og oppdaterast til å vere i tråd med lågutsleppsamfunnet, jf. klimalova § 4. Dette gjeld og klimatilpassingsdelen av retningslinja som ikkje er endra i denne omgang.
Vi har elles innspel mellom anna om å gi tydelegare føringar for å hindre bit-for-bit-nedbygging av natur- og landbruksområde, at det bør vere sterkare føringar for å bidra til at livsgrunnlag og naturmangfald sikrast for komande generasjonar, at føringar i retningslinja om utnytting av lokale varme- og kjølekjelder må supplerast med juridiske verkemiddel, og at retningslinja bør stille krav om heilskaplege vurderingar av nytta for klimaet når det blir lagt til rette for fornybar energi.