Nye næringsområde og masseuttak ved Kalberg/Kverneland utfordrar natur- og jordvern
Statsforvaltaren har i brev av 12.02.21 gitt uttale til høyring av Time kommuneplan fase 2 som gjeld avgrensa område i kommunen. Ut frå dei nasjonale og viktige regionale omsyn som Statsforvaltaren er sett til å ivareta, har vi faglege råd og motsegner til delar av planforslaget. Dei føreslegne næringsareala ved Kalberg og Kvernaland krev svært mykje areal og vi etterlyser meir overordna vurderingar for å finne lokalitetar med eit meir akseptabelt konfliktnivå knytt til biologisk mangfald, jordvern m.m.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Regjeringa har som mål at Noreg skal vere ein attraktiv nasjon for datasenter og anna databasert næringsliv. Nærings- og fiskeridepartementet har laga strategien «Norge som datasenternasjon» for å bidra til å legge til rette for dette. Det er samstundes viktig å finne lokalitetar for arealkrevjande næringsføremål med lågast mogleg konfliktnivå. Dette gjekk også fram av vår uttale til planprogram.
Konkurranse om lokalisering
Time kommune viser til at området ligg strategisk gunstig til av omsyn til infrastruktur, og at datalagringssenter vil bidra til lokal verdiskaping, vekst og fleire arbeidsplassar i kommunen og regionen. Det blir samstundes planlagd for liknande næringar i fleire andre kommunar i Rogaland og mange andre stader i Noreg. Dette tilseier ei meir overordna vurdering på regionalt og nasjonalt nivå ved lokalisering av kraftkrevjande industri. Gismarvik i Tysvær er eit aktuelt alternativ på grunn av låg konflikt med naturinteresser og jordvern.
Jordvern og biologisk mangfald
Vi har motsegn til to næringsområde og to område for masseuttak utanfor den eksisterande og planlagde næringsstrukturen i området. Desse areala har høgt konfliktnivå knytt til tap av jordbruksjord og/eller viktige naturkvalitetar.
Kraftforsyning
Statsforvaltaren har også motsegn til planen på grunn av manglande vurderingar av samla kraftbehov i regionen. Basert på ein oppdatert risiko- og sårbarheitsanalyse må kommunen vurdere om planen legg opp til ein akseptabel risiko når det gjeld forsyningstryggleik.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13