Kommunale planstrategiar etter plan- og bygningslova

Statsforvaltaren har gitt innspel til ei rekke kommunale planstrategiar gjennom det siste året. Kommunestyra skal seinast eitt år etter dei er konstituert utarbeide og vedta kommunal planstrategi.

Publisert 06.09.2024

Lovgrunnlag

Å vedta kommunal planstrategi er ei lovpålagt oppgåve med heimel i plan- og bygningslova § 10-1 som lyd slik:

«Kommunestyret skal minst en gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av kommunens planbehov i planperioden.

Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhente synspunkter fra statlige og regionale organer og nabokommuner. Kommunen bør også legge opp til bred medvirkning og allmenn debatt som grunnlag for behandlingen. Forslag til vedtak i kommunestyret skal gjøres offentlig minst 30 dager før kommunestyrets behandling.»

Det er høve til å samordne utarbeiding av planstrategi og planprogram for kommuneplan-revisjon, jf. plan- og bygningslova § 10-1, 4. ledd, jf. kapittel 11. Nokre av kommunane i fylket har gjort det.

I dei nye Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027 av 20.07.2023, kjem Regjeringa sine forventningar til kommunane si planlegging for å ta i vare klima, miljø og jordvern mv. fram. Regjeringa forventar at kommunane prioriterer arbeidet med planstrategiar for å sikre at planane er oppdaterte og møter behova som følgjer av endringar i samfunnsmessige, demografiske, politiske og naturgitte forhold.

Våre innspel til kommunale planstrategiar

Vedlagt ligg Statsforvaltaren sine innspel og høyringsfråsegn til dei kommunale planstrategiane me har hatt på høyring. I tillegg er Sauda sin planstrategi på høyring no. Statsforvaltaren nyttar høve til å gje innspel til kommunane sine planstrategiar basert på dei sektorinteressa me er satt til å ivareta.

Frist

Det er framleis nokre kommunar som ikkje har sendt slik planstrategi til oss. Det nærmar seg no eitt år sidan kommunestyra vart konstituert, og følgeleg er det nokre kommunar som har knapp frist til å oppfylla det lovpålagte kravet i plan- og bygningslova.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.