Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner ikkje detaljregulering for massefylling på gnr. 32 Bråstein

Departementet legg vekt på at ei massefylling på Bråsteinsåsen i Sandnes kommune vil kome i vesentleg konflikt med nasjonale miljøomsyn. Ein lokalitet med trua naturtype og ein ansvarsart for Noreg vil gå tapt, og fyllinga ville medført store klimagassutslepp, skriv departementet i vedtaket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Statsforvaltaren fremma motsegn mot detaljregulering for massefylling på gnr. 32 Bråstein i Sandnes kommune i september 2020. Då partane ikkje blei samde om ei løysing på motsegna gjennom mekling lokalt i november 2021 og januar 2022, blei saka sendt til departementet for endeleg avgjerd.
Kommunal- og distriktsdepartementet har fatta endeleg vedtak i saken i brev datert 15. mars 2024.
Departementet godkjenner ikkje detaljreguleringsplanen.
Departementet legg vekt på at ei massefylling på Bråsteinsåsen vil kome i vesentleg konflikt med nasjonale miljøomsyn, ved at ein lokalitet med ein trua naturtype og ein ansvarsart for Noreg vil gå tapt, og at fyllinga ville medført store klimagassutslepp.
Heile brevet med vedtak kan lesast her.