Dispensasjon frå arealplanar utfordrar nasjonale og regionale verdiar
I 2020 uttalte Statsforvaltaren i Rogaland seg til 487 dispensasjonssøknader. Vi klaga på 17 saker der kommunane hadde gitt dispensasjon mot våre råd. Dersom kommunen ikkje tek slike klagar til følgje, vert sakene som hovudregel avgjort av ein settestatsforvaltar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Plan- og bygningslova krev at dispensasjonssaker blir sende på høyring til regionale og statlege myndigheiter dersom sakene gjeld saksområdet deira. Lova gir også statlege og regionale myndigheiter klagerett i slike saker, for å ivareta nasjonale og viktige regionale omsyn, som til dømes jordvern, strandsone, naturmangfald og klimatilpassing.
Mange saker – få klager
Vi gav altså høyringsuttale til 487 dispensasjonssaker i fjor. I om lag ein fjerdedel av desse sakene frårådde vi dispensasjon. Vi klaga på totalt 17 kommunale dispensasjonsvedtak der vi fann at kommunen ikkje hadde tatt tilstrekkeleg omsyn til nasjonale og viktige regionale interesser.
Halvparten av klagene våre gjaldt driftsmessige ulemper knytt til landbruksdrift. Dette inkluderer mellom anna saker som gjeld oppretting av nye bustadeigedomar i aktive landbruksområde. Dei andre klagene var i stor grad knytte til omsyn til friluftsliv, landskap og strandsone.
Kommunane og Statsforvaltaren skal også forvalte nasjonale og regionale føringar for handelslokalisering: Ny detaljhandel skal lokaliserast til sentrumsområda.
Den saka som fekk mest merksemd i fjor, var klagen vår på Stavanger kommune sitt vedtak om etablering av fullsortiments Biltema-forretning på Forus. Den handlar om å følgje regionale og lokale planar for å oppretthalde gode bysentrum, med eit mangfald av detaljhandel og å dempe veksten i privatbiltrafikken.
Dialog viktig
Statistikken viser at Statsforvaltaren bidreg aktivt med råd og innspel i dispensasjonssaker som gjeld nasjonale interesser. Våre høyringsinnspel påverkar i stor grad vedtaka i kommunane, saman med viktige innspel frå fylkeskommunen og andre regionale styresmakter.
Plan- og bygningslova legg også til grunn at det normalt ikkje skal bli gitt dispensasjon der vi, eller andre aktuelle myndigheiter, har uttalt oss negativt til ein dispensasjonssøknad.
Det låge talet på klagesaker viser samstundes at det lokale sjølvstyret i Rogaland blir vektlagt i slike saker.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13