Departementet krev oppdatert utgreiing og samanlikning av alternativa for FV47 Åkra sør – Veakrossen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil ikkje ta endeleg stilling til motsegner før vilkåra om oppdatert utgreiing er gjennomført. Planvedtaket i Karmøy kommune følger ikkje opp føringane frå departementet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.04.2021

Rogaland fylkeskommune og kommunen må utarbeide ein systematisk samanlikning av dagløysing, kulvertløysing og tunnelløysing i høve til eit referanse-/
0-alternativ.

Arbeidet skal gjennomførast med anerkjent metodikk for konsekvensutgreiingar. Lang tunnel-/kulvertløysing skal inngå i denne samanlikninga. Arbeidet må også gjennomførast i samarbeid med Statsforvalteren i Rogaland.

Sjå oversendingsbrev i dokumentlenkene.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.