Strategisk satsingsområde: Beredskap

God beredskap startar med god eigenberedskap. Foto: Daniel Fatnes/DSB.

Statsforvaltaren i Rogaland har hundrevis av oppdrag frå departement og direktorat. I tillegg vel me ut satsingar som me skal jobba tverrfagleg med over tid. 

Sist endret 29.03.2022

I 2025 er dette beredskap.

Ei verd i endring

Verda har endra seg etter pandemien. Den tryggleikspolitiske situasjonen er meir alvorleg, og me har krig igjen i Europa. Klimaendringane fører til meir ekstremvêr. Me ser stadig utbrot av nye smittsame dyresjukdommar i Rogaland, samtidig som dei tidlegare beredskapsutfordringane ikkje har blitt mindre.

Statsforvaltaren si rolle

Pandemien viste at statsforvaltarane har ei sentral rolle i Noregs beredskap, og me får stadig nye oppgåver for å sikra god og koordinert sivil beredskap – og det sivil-militære samarbeidet. Derfor har Statsforvaltaren i Rogaland bestemt at beredskap skal vera eit strategisk satsingsområde i 2025.

Betre førebuing for framtida

Gjennom denne satsinga skal me sikra at alle tilsette hos Statsforvaltaren blir betre budde på oppgåvene våre i krise og krig. Samtidig skal me bidra til at kommunane og fylkeskommunen er godt budde til totalforsvarsåret 2026.

Eigne førebuingar gir sterkare beredskap

Som biletet over illustrerer, startar vår felles beredskap med innbyggjarane si eiga førebuing. Dersom flest mogleg tar ansvar i eigen heim, og har både den fysiske og mentale motstandskrafta, står også kommunen, fylke og staten betre rusta til å handtera uønskte kriser og beredskapshendingar.