Dårleg utvikling for vipa
Ein ny undersøking utførd av Norsk ornitologisk foreining, avdekker ein urovekkande tilbakegang for vipa i Norge. Hekkebestanden har gått attende med 75% på 20 år, og dette teiknar ei dyster framtid for denne så velkjende fuglen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ein ny undersøking utførd av Norsk ornitologisk forening (NOF) avdekker ein urovekkande tilbakegang for vipa i landet. Hekkebestanden i Noreg har gått attende med 75% på 20 år, og dette teiknar ei dyster framtid for denne så karakteristiske fuglen.
Totalt reknar ein med at den norske hekkebestanden av vipe no er mindre enn 10.000 par. Desse tala kjem fram i ein nyleg publisert artikkel i Vår fuglefauna. Forfattarane har samla nye rapportar og registreringar til å laga eit bilete av dagens status, og det ser verre ut enn frykta.
All erfaring syner at ein så kraftig tilbakegang over kort tid er vanskeleg å snu. Med dagens utvikling i landbruket så vil tilbakegangen halda fram, og vipa vil truleg bli fåtallig også på Jæren om 10-20 år. Utviklinga i landbruket bakover i tid gjorde arten svært talrik fram mot 1990. Men overgang til endra driftsformer og meir einsarta jordbruksareal har sidan den tid gitt arten dårlege kår.
For å bremsa den negative utviklinga må me finna driftsmetodar som ivaretar artsmangfaldet i jordbrukslandskapet. Samstundes er det svært viktig å oppretthalda eit variert landskap med dyrka og udyrka mark. Kommunane på Jæren har eit særleg ansvar når anslagsvis 30% av den nasjonale hekkebestanden finst i Klepp, Hå og Time. Her er det nyleg kartlagt viktige hekkeområde for arten som gjer det mogleg å nytta målretta verkemiddel mot dei viktigaste områda saman med gardbrukarar og andre.