Kommuneprogrammet - likestilte kommunar
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet ynskjer at kommunane skal bli meir likestilte. Alle kommunane er derfor inviterte til å søke om å bli pilotkommune i programmet "Likestilte kommuner". Programmet har som mål at kommunane skal integrere likestillingsperspektivet i styringsdokument og sikre likeverdige offentlege tenester til innbyggarane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I løpet av året vil 19 kommunar få sjansen til å vere pilotkommune. Kvar av desse kommunane vil få 300.000 kroner til prosjektarbeid i perioden 2012-2014. Alle kommunane i landet har tidlegare fått brev om dette (datert 2. oktober 2012).
Gjennom rettleiing, erfaringsutveksling, kurs og kompetanseheving får pilotkommunane bistand til å arbeide aktivt med likestilling. Dei får tilbod om ei heilskapleg pakke som er eit godt grunnlag for vidare arbeid med likestilling på alle tenesteområda i kommunen.
Frist for å søke om å bli pilotkommune er 9. november.
Søknadsskjema med prosjektutgreiing kan sendast til grl@likestillingssenteret.no