Forslag til statsbudsjett for 2013: Tilskott for auka lærartettleik

Regjeringa vil løyve 157 millionar kroner til ei fireårig ordning med auka lærartettleik på ungdomstrinnet. Tilskottet blir gitt til ungdomsskolar med låg lærartettleik og grunnskolepoeng under landssnittet. I Rogaland er 12 ungdomsskolar omfatta av forslaget.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.10.2012

Målgruppa for tilskottet er alle ungdomsskolane som skoleåret 2011-12 hadde gjennomsnittleg gruppestorleik på over 20 og grunnskolepoeng under landssnittet. Det fireårige prosjektet startar hausten 2013, og skolane som fyller vilkåra kan søkje om midlar. I Rogaland gjeld dette 12 ungdomsskolar, og det er berre desse som kan delta i prosjektet.

Målet med ordninga er m.a. å medverke til å gjere ungdomssteget meir praktisk, variert og relevant og å styrkje arbeidet med grunnleggjande dugleik. Det er også eit mål å medverke til redusert behov for spesialundervisning.

Kommunar med skolar som fyller vilkåra, må søkje om deltaking det første året og deretter om årleg vidareføring i fireårsperioden. Kommunane må også årleg rapportere om bruken av midlane.

Eit framlegg om å forskriftsfeste talet på elevar pr lærar har tidlegare vore på høyring, men det kom blanda reaksjonar på framlegget. Gjennom denne tilskottsordninga vil ein hauste erfaring og kunnskap om effekten av auka lærarressursar. Dette kan så gi grunnlag for eventuelt seinare å forskriftsfeste eit forholdstal mellom talet på lærarar og talet på elevar.

På Kunnskapsdepartementet sine heimesider kan du lese meir om statsbudsjettet 2013:
Statsbudsjettet-2013

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.