Melding om oppstart av verneprosess av 5 skogområde i Rogaland
Statsforvaltaren melder med dette om oppstart av verneprosess etter naturmangfaldlova av 5 skogområde i Rogaland. Alle som ønsker, kan komma med innspel innan 15. januar 2024.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Formålet med oppstartsmeldinga er å henta inn synspunkt og å sikra informasjon og medverking før det blir laga eit meir konkret verneforslag med detaljerte grensar og verneforskrift med vernereglar.
Det meldast oppstart for 3 nye skogområde:
- Ulvaskog, Strand kommune, ca. 3931 daa
- Honganvik, Sauda kommune, ca. 2095 daa
- Griggelia, Sandnes kommune, ca. 1156 daa
Og utviding av 2 verneområde:
- Hylsskaret, Suldal kommune, utviding ca. 401 daa. Nytt areal totalt ca. 12 127 daa.
- Ragstjørna, Gjesdal kommune, utviding ca. 98,4 daa. Nytt areal totalt ca. 650 daa.
Aktuell verneform for alle av områda er naturreservat etter naturmangfaldlova § 37.
Kart som visar forslag til avgrensing av områda kan lastast ned frå høgre marg. Me gjer særleg merksam på at avgrensingane ikkje er endelege verneforslag, men er det arealet som skal greiast ut vidare i verneprosessen. Det må forventast endringar. Naturfagleg underlag for vernet kan for dei fleste områda også lastast ned frå høgre marg.
Alle områda er tilbudd for vern av skogeigarane sjølve gjennom ordninga med frivillig vern av skog.
Formålet med vernet
Skogvern skal medverka til at nasjonal målsetnad for natur blir oppnådd, med andre ord, at ingen artar eller naturtypar blir utrydda og at eit representativt utval av norsk natur tas vare på for kommande generasjonar. Ei rekke trua naturtypar og halvparten av alle trua artar i Noreg er bunden til skog og skogsmiljø. Dei aller fleste av desse artane høyrer heime i den eldre urørte skogen, og fleire artar av insekt, sopp og fugl er avhengig av gammal skog og død ved. Gjennom vern får skogen stå urørt og utvikla seg fritt, og mange ulike livsmiljø blir sikra. Skogvern er difor eit viktig og prioritert tiltak for å ta vare på norsk naturmangfald. Stortinget sette i 2016 som mål å verna 10 % av skogarealet. Målet om eit representativt vern er forankra i den norske handlingsplanen for naturmangfald, Natur for livet (Meld. St. 14, 2015-2016) og gjeld vern av arter, naturtypar, økosystem og landskap.
No startar den formelle verneprosessen som følger naturmangfaldlova §§ 41-43, med kunngjering, grundige avklaringar av verneverdiar, verneformål og eventuelle følger/konfliktar vernet kan ha. Denne tidlege informasjon til aktuelle grunneigarar, organisasjonar som har særlege interesser i området og offentlege instansar, sikrar høve til tidleg tilbakemelding. På dette grunnlaget vil det utarbeidast framlegg til vernegrenser og verneforskrifter, med ny påfølgande lokal- og sentral høyring.
Kva inneber eit vern?
Eit vern vil medføra at alle inngrep som forringar verneverdiane vil være forbodet og at all vegetasjon og dyreliv vil bli verna mot skade, øydelegging og forstyrring. Dette inneber forbod mot hogst, fysiske inngrep og motorferdsel. Tradisjonelt, enkelt friluftsliv, jakt, fiske og beite vil være tillate.
Innspel
Me er takksame for synspunkt på naturverdiar og brukarinteresser og anna, og ønsker innspel som kan bidra til gode løysningar for både bruk og vern. Eventuelle innspel, merknadar eller fråsegn kan sendast med brev eller e-post til Statsforvaltaren i Rogaland.
Postadresse: Statsforvaltaren i Rogaland, Miljøvernavdelinga, Pb. 59, 4001 Stavanger
E-postadresse: sfropost@statsforvalteren.no.
Oppstartsmeldinga vil også bli kunngjort i lokal presse.
Frist for uttale til oppstartsmeldinga er 15. januar 2024.
- Ulvaskog, 2022/13517
- Honganvik, 2021/12681
- Griggelia, 2021/12681
- Hylsskaret utv., 2022/1453
- Ragstjørna utv., 2022/4954
Vidare prosess
Etter gjennomgang av innspela, vil det utarbeidast verneforslag med detaljerte områdeavgrensingar og verneforskrifter. For utvidingane vil eksisterande verneforskrifter gås gjennom og oppdaterast. Dette vil så sendast på ny høyring. Du kan abonnere på nyheiter innanfor tema «Miljø og klima» for å sikre at du mottar informasjon om høyringa.
Kontaktpersoner
Dokumenter
- Melding om oppstart av verneprosess for 5 skogområde i Rogaland
- Adresseliste. Melding om oppstart, desember 2023
- Ulvaskog - kartforslag
- Ulvaskog - skoganalyse
- Honganvik - kartforslag
- Honganvik - skoganalyse
- Griggelia - kartforslag
- Griggelia - rapport
- Griggelia - skoganalyse
- Hylsskaret, utv. - kartforslag
- Hylsskaret - rapport
- Ragstjørna, utv. - kartforslag
- Ragstjørna utv. - skoganalyse