Fjerning av framande artar i Urådalen

Statsforvaltare tar nå ut den framande arten balsamgran i Urådalen landskapsvernområde. Balsamgran er ei type edelgran som er ein framand art i Noreg. Me fjernar desse trea no fordi dei har vore store nok til å utgjere ei høg spreiingsrisiko.

Publisert 25.10.2024

Statsforvaltaren har i samråd med grunneigaren, engasjert Lloyd Vaule AS til å utføra jobben. Målet er at all gran i denne vestlege delen av verneområdet blir fjerna, i tillegg til ei buffersone utanfor vernegrensa.

Om arbeidet i Urådalen:

Fjerninga blir utført ved at små tre blir kappa lågt nede og lagt flatt i bakken for naturleg nedbryting. Store tre blir ringbarka slik at dei døyr av seg sjølve i løpet av nokre år. Stammane vil bli ståande i mange år før dei til slutt fell ned og blir brotne ned naturleg. Langs vegar og stiar vil tre bli hogde for å ikkje utgjere hinder eller fare for folk på tur.

Både liggande og ståande stammar er viktige habitat for mange organismar som plantar, sopp, lav, fuglar og småkryp. På denne måten blir naturmangfaldet av artar som veks og bur på eller i trea verna, samstundes som den framande arten blir hindra i å spreie seg og på sikt forsvinn.

Fremmedarten balsamgran:

Balsamgran, ein type edelgran, blei planta som juletre. Men denne ideen slo ikkje rot og tømmeret har i dag ingen verdi. No har balsamgrana vokse seg stor nok til å utgjere ei potensielt høg risiko for naturmangfaldet. Meir informasjon finnes på artsdatabankens fremmedartliste av 2023.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner