Melding om oppstart utviding Tveitaneset naturreservat
Tveitaneset naturreservat i Tysvær er tenkt utvida med 116 da skog samt ei revisjon av verneforskrifta.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 11.02.2014
Bakgrunnen er forslag frå grunneigar om frivillig skogvern etter gjeldande ordning.
Tveitaneset naturreservat vart verna i 1977 som kystnært, nærmast urørt, furuskogområde med karakteristiske landskapsformer, plante- og dyreliv typisk for skogområde i Nord-Rogaland. No er verneområde delt i to med ulike reglar og nytt utvida vern vil gje eit felles regelverk for heile området. Alle innspel kan sendast Fylkesmannen innan 6. mars 2014. Sjå kartlenker og varsla vern i dokumentlenkene til høgre. |