Meir skog varig verna i Rogaland
På fredag blei to nye skogreservat verna etter naturmangfaldlova av kongen i statsråd; Eikebakka naturreservat i Sokndal og Tveitaneset naturreservat i Tysvær kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Eikebakka naturreservat er på 114 daa og omfattar ein ås med gammal fattig eik-edellauvskog. Reservatet ligg inntil elva Sokna, rett nord for Eikedal kyrkjegard. Denne skogtypen finst det elles berre små areal av i regionen.
Element av daud ved og gamle, grove og til dels hole tre vil kunne utvikle seg til meir naturskogprega eikeskog på litt lengre sikt. Desse elementa er særs viktige for lav- og mosefloraen, og fleire av artane som er registrerte her er rekna som sjeldsynte og truga.
Tveitaneset naturreservat er no totalt 374 daa stort. Verneområdet omfattar gamal intakt kystfuruskog på ei urørt kyststripe nord i Boknafjorden. Opphavleg verneområde vert verna i 1977, og forskrifta er difor fornya samstundes som området er utvida med om lag 110 daa. Utvidinga gjer at reservatet blir variert med meir innslag av eik, mellom anna ei stor hol eik.
Foto: Stor hol eik i Tveitaneset naturreservat i Tysvær. |
Verna ved frivillig vern
Begge områda er verna ved frivillig vern som betyr at grunneigar har tatt initiativ til vernet og har fått full erstatning for skogsverdien. Frivillig vern av skog er eit viktig tiltak for å oppnå nasjonale mål om å bevara biologisk mangfald for framtida.