Nye reglar for taretråling

Regjeringa har fastsatt nye forskrifter for taretråling i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Grøningane naturreservat i Randaberg vert opna for tarehausting medan det vert totalforbod mot tarehausting mellom anna i reservata Ferkingstadøyane, Kjørholmane og Spannholmane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 07.10.2005

Regjeringa har i statsråd ved Kgl. res. gjort vesentlege endringar i dei forskriftene som regulerer taretråling innanfor sjøfuglreservata i dei tre Vestlandsfylka. Dei nye reglane er vortne til etter ein lang og grundig prosess der både næringa sjølv og ulike forvaltningsorgan har vore med. For Rogaland sin del inneber dei nye forskriftene samla sett eit betre vern av naturreservata enn den regionale semja frå 2003.

For Rogaland tyder dette:

Sjøfuglreservat der det kan trålast heile året:

  • Brennevinskjeret, Bokn kommune
  • Nordre Longaskjeret, Karmøy kommune
  • Jegningen, Karmøy kommune
  • Ryvingen og Klovningen, Karmøy kommune
  • Skåreholmen, Haugesund kommune

Sjøfuglreservat der det kan trålast utanom hekketida (1. august-31. mars):

  • Svåholmane, Eigersund kommune
  • Tedneholmane, Eigersund kommune
  • Tingelsæte, Eigersund kommune
  • Gitterøy, Haugesund kommune
  • Indrevær, Haugesund kommune
  • Urter, Karmøy kommune
  • Fokksteinane, Eigersund kommune
  • Grøningane, Randaberg kommune

I dei andre sjøfuglreservata er det ikkje tillete med taretråling. I tillegg er det tidlegare innført forbod mot taretråling i området rundt Revtangen innanfor Jærstrendene landskapsvernområde.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.