Nye data frå naturtypekartlegging i skog
Ein ny rapport med naturtypedata er lagt ut på nettet. Kartlegginga er utført av John Bjarne Jordal og John Inge Johnsen sommaren 2008. Kartlegginga omfattar eit breitt spekter naturtypar med flest lokalitetar i kommunane Finnøy og Vindafjord (tidlegare Ølen) og Kvitsøy. Kartlegginga held fram i år med hovudvekt på sørvestleg regnskog.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mange former for arealbruksendringar pressar det biologiske mangfaldet i fylket. Planprosessane skal ta omsyn slik at tap av biologisk mangfald blir stoppa. Kunnskapen om naturtypane i Rogaland er avgjerande, men er så langt for dårleg.
Sidan 1999 er det arbeidd med å kartlegga 56 naturtypar som er særleg viktige for det biologiske mangfalde etter ein nasjonal metodikk - handbok 13 om verdisetjing av biologisk mangfald. Kartleggingane blir lagra i Naturbase, den nasjonale databasen for å lagra informasjon om naturområde m.a. naturtypar, men er og tilgjengelege i portalen Temakart-Rogaland.
Kvaliteten på første generasjon har vist seg å vera svært vekslande og alt i alt for dårleg. Fylkesmannen har samordna ei tre års satsing for å heva kvaliteten. Konsulentane John Bjarne Jordal og Anders Lundberg, Universitetet i Bergen og John Inge Johnsen, Fylkesmannen i Rogaland, gjennomfører denne kartlegginga. Dessutan gjennomfører nokre kommunar som Stavanger, Strand og Gjesdal, nykartlegging eller tilleggskartlegging av eigne tiltak for å bøta på stoda.
Kartlegging i 2008
John Bjarne Jordal og John Inge Johnsen utførte i 2008 tilleggs- og nykartlegging av prioriterte naturtypar for Fylkesmannen i Rogaland. Rapporten frå arbeidet finn du i lenka nedanfor.
Følgjande kommunar er oppsøkt: Bokn, Finnøy, Karmøy, Kvitsøy, Randaberg, Rennesøy, Suldal og Vindafjord (berre Ølen). Det er skildra 148 naturtypelokalitetar frå hovudnaturtypane havstrand/kyst (19), kulturlandskap (46), myr (7), fjell (1), ferskvatn/våtmark (10), skog (61) og berg/rasmark (4).
49 lokalitetar fekk verdi A (svært viktig), 81 verdi B (viktig) og 18 verdi C (lokalt viktig). Dessutan er det oppsøkt 5 lokalitetar i Rennesøy som har fått supplerande artsdata. 337 funn av 54 nasjonale raudlisteartar er gjort under feltarbeidet - av desse er det 53 funn av lav (14 artar), 65 funn av mosar (4 artar), 134 funn av planter (14 artar) og 85 funn av sopp (22 artar)
Styltesopp (Tulostoma niveum) funne i 2008 i Bø-Asmarvik på Rennesøy. Område har m.a. naturbeitemark, kystlynghei og baserikt berg.
Materialet er presentert dels i rapportform, dels som database og kart. Informasjonen er tilgjengeleg i Naturbase (sjå ovanfor) og vil bli tilgjengeleg på portalen Temakart-Rogaland med det første.
Kartlegging i 2009
Hovudmålet i år er å betra kunnskapen om sørvestnorske utformingar av edellauvskog, haustingsskog og sørvestleg regnskog, m.a. med tanke på frivillig vern. Desse skogtypane høyrer med til dei viktigaste i landet for biologisk mangfald med mange fuktkrevjande, sørvestlege mose- og lavartar, mange er raudlista. Skogkartlegginga har stort sett gått føre seg i Strand, Forsand og Hjelmeland kommunar med Miljøfaglig utredning ved Geir Gaarder som hovudansvarleg.