Stein og sånn - Godt oppmøte på konferanse for mineralnæringa
Fylkesmannen i Rogaland har i samarbeid med Rogaland fylkeskommune arrangert konferansen Stein og Sånn for mineralnæringa som del av arbeidet mot meir samordna, berekraftig og langsiktig forvalting av mineralråstoff i Rogaland. Sentrale tema for konferansen var nasjonal politikk, lover, forskrifter og rettleiing i massehandtering og sirkulærøkonomi.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det var ca. 70 deltakarar frå både privat og offentleg sektor, med representantar frå konsulentbransjen, entreprenørar, pukkverk, mineralutvinning, kommunar, fylker, statleg forvalting og forskningsinstitutt.
Konferansen blei veldig godt mottatt og viste seg å vere eit bra samlingspunkt der både utfordringar og framtidsutsikter for mineralnæringa blei diskutert. Det er planlagt årlege arrangement for mineralnæringa med fokus på ulike tema som næringa sjølv ønsker å ta opp.
Initiativtakar og hovudansvarleg for konferansen er May Britt Jensen, fylkesmiljøvernsjef hos Fylkesmannen i Rogaland.
For spørsmål, ta kontakt med Maryon eller Julie:
Maryon Paulsen Strugstad
maryon.paulsen.strugstad@rogfk.no
Tlf. 51516698 | Mob. 95261460
Julie Jacobi Jonstrup
fmrojjj@fylkesmannen.no
Tlf. 51568829
Kontaktpersonar:
Maryon Paulsen Strugstad, Rogaland fylkeskommune
maryon.paulsen.strugstad@rogfk.no
Tlf. 51516698 | Mob. 95261460
Julie Jacobi Jonstrup, Fylkesmannen i Rogaland
fmrojjj@fylkesmannen.no
Tlf. 51568829