Det kjem nye reglar for gjenbruk av betong og tegl

For å nå nasjonale mål om auka gjenbruk av tungt bygge- og riveavfall, gir Miljødirektoratet no klarare føringer for gjenbruk av lett forurensa betong og tegl. Det blir også krav om at den som gjennomfører kartlegging av betong og tegl har miljøteknisk kompetanse.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.02.2020

Miljødirektoratet varsla nylig at forslaget til nytt kapittel i avfallsforskrifta vil bli vedteke med dei grenseverdiane som låg føre ved høyring.

 

Vilkår for gjenbruk av betong og tegl uten søknad

Betongen må ikkje innehalde mjuke fuger, armering eller plast. Sprøytebetong skal ikkje gjenbrukast. Betong/tegl kan gjenbrukast dersom representative prøvar ligg innanfor grenseverdiane gitt i avfallsforskrifta sin nye § 14a-4. Er verdiane høgare enn dette må ein søke Miljødirektoratet om løyve.

Grenseverdiane i avfallsforskrifta.png

Merk at ved mistanke om at betongen kan være farlig avfall, må summasjonsreglene for innhold av farlige stoffer følges.

Betong med behandla overflate får egne krav

Dersom betongen har maling, sementbaserte fuger, avrettingsmasse eller puss må PCB, bly, kvikksølv og kadmium kartleggast. Høgaste konsentrasjon i maling/fuger må ikkje overstige verdiane i § 14a-5 andre ledd bokstav a)

Egne grenseverdiar for overflate.png

Forskrifta sin § 14a-5 andre ledd b) - d) gir fleire viktige føringar for tildekking og andre tiltak for å hindre utleking av miljøgifter frå betongen.

 

Grenseverdi for seksverdig krom

Norge innfører også som eit av de første landa ein grenseverdi for seksverdig krom, Cr(IV) ved gjenbruk av betong.

Norge har i fellesskap med EU et mål om at minst 70% av bygge- og riveavfallet skal gå til gjenbruk.

Seksverdig krom Cr(IV) finnes i betong, særleg i eldre betong. Medan treverdig krom, Cr(III), er eit viktig sporstoff, er seksverdig krom kreftframkallende for menneske og akutt giftig for fisk og andre dyr som lever i vatn. Derfor er det viktig å sikre at seksverdig krom ikkje lek ut til overflate- eller grunnvatn.

Dersom vi har nulltoleranse for gjenbruk av betong som inneheld seksverdig krom, vil ikkje målet om 70% gjenbruk vere mogeleg å nå, fordi ein veldig stor del av riveavfallet vårt er betong.

Miljødirektoratet har derfor arbeida med å sette ei grense som kan balansere desse to omsyna, og tilrår maksimal konsentrasjon på 8 mg/kg ved gjenbruk av betong utan løyve. Har du betong som inneheld meir enn 8 mg Cr(VI) /kg må du søke Miljødirektoratet. 

 

Destruksjonsplikt for PCB

Alle fuger, avrettingsmasser, puss og maling der konsentrasjonen av ∑7PCB er lik eller høgare enn 50 mg/kg må fjernast før riving, og sendast til destruksjon. Det er ikkje høve til å sende denne typen avfall til deponi.

 

Konsentrasjon ∑ 7PCB, mg/kg

Kva er riktig framgangsmåte?

≥ 50

Destruksjon

1-50

-Søknad om tillatelse til gjenbruk

-Eller lever til lovleg mottak

> 1

-Gjenbruk, dersom i tråd med

§ 14 a- 4 og evt § 14-a-5

-Eller til lovleg mottak

 

Dokumentasjonskrav for gjenbruksbetong

Den som bruker betongen skal kunne dokumentere at krava over er oppfylt. Kommunane vil få meir informasjon om utøving av tilsyn når forskrifta trer i kraft.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.