Kunngjering løyve utfylling Buøy i Stavanger
Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve til Statens vegvesen Region Vest til utfylling i sjø av sprengsteins- og morenemassar frå driving av Solbakktunnelen og Hundvågtunnelen i Ryfastsambandet. Løyvet gjeld utfylling vest for Tømmerodden og i indre del av Bangarvågen, Buøy, Stavanger kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Etter utlegging av opphaveleg søknad av 11.06.2013 til offentleg ettersyn (sjå lenke til høgre) har Statens vegvesen Region Vest søkt om vesentlege endringar når det gjeld volum utfyllingsmassar og storleiken på utfyllingsarealet. Løyvet omfattar på dei to utfyllingsstadene utfylling av til saman omlag 2 200 000 m3 sprengstein og morenemassar i sjø, som samla dekkjer eit sjøbotnareal på omlag 225 000 m2.
Vedtaket om løyve kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Mogleg, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå tillegg til søknaden og nytt løyve i dokumentlenkene til høgre.