Marit Sundsvik Bendixen er ny fylkesmiljøvernsjef i Rogaland
Bendixen overtar etter May Britt Jensen, som går til kommunedirektør-jobben i Utsira kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Marit Sundsvik Bendixen (64) har dei siste åra vore assisterande fylkesmiljøvernsjef hos Statsforvaltaren i Rogaland, med ansvar for forureiningsseksjonen. Ho kjenner både avdelinga, oppgåvene og embetet godt.
Ingeniør med sterkt miljøengasjement
Bendixen er frå Stavanger, men har budd i Sandnes dei siste 40 åra. Ho er utdanna ingeniør innan teknisk miljøvern og begynte hos Statsforvaltaren i Rogaland alt i 1998.
- Eg er veldig opptatt av miljø- og naturvern. Derfor har eg lyst å ta ansvaret for dette viktige arbeidet. Dessutan er formidling, det å skapa forståing slik at ein kan ta miljøvennlege val, noko eg brenn for, seier Bendixen.
Overtar 12. april
Det var 11 søkarar til jobben som fylkesmiljøvernsjef/avdelingsdirektør i miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren Rogaland.
Bendixen overtar formelt 12. april.