Vern av marin natur
Arbeidet med Nasjonal marin verneplan er nå i gang for 17 utvalde område i heile landet. I mange år har ein arbeidd med verneplanar på land for å sikre eit representativt utsnitt av naturen. Nå startar tilsvarande arbeid for å beskytte viktige marine naturtypar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er første gong i Noreg ein planprosess blir starta for å verne undersjøisk natur. Her i Rogaland er det utsida av Jærkysten som skal beskyttast. Området strekkjer seg frå Sele i nord til og med Ognabukta i sør, frå 5 meters djup ut til om lag 50 meter.
Arbeidet er svært viktig sidan presset på kystområda er aukande, og stadig fleire inngrep og aktivitetar i sjøen fører til skade på det marine miljøet.
Stortareskogen utanfor Jærens rev. Foto: Marin info/Rudolf Svendsen
Formål
Formålet med planarbeidet er å sikre at representative, særeigne, sårbare og trua marine naturverdiar i norske kyst- og havområde vert tekne vare på.
Informasjon og medverknad
Planarbeidet er omtalt i den generelle oppstartsmeldinga. I tillegg er det ei områdevis oppstartsmelding for kvart enkelt verneområde.