Småsalamanderen trivast på Randaberg

Den vesle dammen ytterst på Vistnes på Randaberg var nær ved å gro igjen. Det var dårleg nytt for småsalamanderen, som levde i dammen. I vinter vart dammen reinska og utvida, for å sikre tilstrekkeleg vatn i mange år framover.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen tok raskt affære, og hyra inn maskinentreprenør til å grave ut dammen. Mykje massar vart fjerna, og no har areal og volum med vatn auka betrakteleg. No vil den være leveleg for salamandrar og andre vasslevande kryp i mange år framover.
Om våren oppsøk vaksne salamandrar dammen for å yngle, og mai måned er midt i beste høytid. Difor var det ei god anledning til å undersløke om den nye dammen falt i smak (sjå video):
https://www.youtube.com/watch?v=3EewkZsZhm0
Sjå faktaboks i høgre marg, og følg denne lenka for meir informasjon om småsalamander.
Aktuelt
Småsalamander Lissotriton vulgaris

Ein av to salamandrar, og seks amfibiar i Noreg
7-11 cm lang
Grå/mørk på oversida og gul/oransje på undersida
Hannen med langsgåande ryggkam, som vert større i yngletida.
Ynglar i små dammar, helst utan fisk.