Naturtypekartlegging og kartlegging av regnskog sommaren 2014
Fylkesmannen gjennomfører sommaren 2014 naturtypekartlegging i hovudsak i Suldal og i Haugesund. Miljødirektoratet kartlegg dessutan regnskog i dei fuktigaste delane av fylket.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det vil i sommar gå føre seg fleire typar naturkartlegging i fylket. Tid for kartlegging vil vera avhengig av framdrifta i arbeidet, vær m.m. Vi vil derfor orientera grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.
Kartlegging av regnskog
Biofokus og Miljøfaglig utredning gjennomfører naturtypekartlegging for Miljødirektoratet av kystfuruskog og fattig «regnskog» i låglandet dei fuktigaste delane av Rogaland mest mellom Sandnes og Vindafjord. Bakgrunnen er dels at Fylkesmannen i Hordaland arbeider med ein nasjonal handlingsplan for kystfuruskog, dels at det trengst eit betre datagrunnlag for frivillig skogvern. Skogtypen er til vurdering som utvald naturtype. Fylkesmannen i Rogaland har utarbeidd ei liste over 38 område i fylket der det er mogleg at fattig, boreonemoral regnskog kan finnast. 20 av desse (dei høgast prioriterte, blågrøn farge på dette kartet) er plukka ut for denne kartlegginga, og kjende grunneigarar blir tilskrivne (brev-lenke).
Naturtyperkartlegging
Ecofact vil gjennomføra naturtypekartlegging (etter handbok 13 Miljødirektoratet tidlegare Direktoratet for naturforvaltning) utanom verneområda i Klepp og i nokre kystlyngheiområdet elles i fylket.
BioFokus vil gjennomføra tilsvarande kartlegging i Haugesund og i Suldal. Kartlegginga vil for det meste gå føre seg i låglandet i perioden august - september.
Det vil bli lagt særleg vekt på naturtypar som er vedtekne eller er til vurdering som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Dette gjeld m.a. store/hole eiker, slåttemark (vedtekne), kystlynghei, naturbeitemark og haustingsskog (til vurdering). Det er høve til å søka tilskot for å ta vare på desse frå Miljødirektoratet eller gjennom Regionalt miljøprogram og SMIL-ordninga i landbruket. Det er elles aktuelt å nykartlegga tidlegare kartlagteområde der datagrunnlaget ikkje er godt nok. Det er dessutan eit mål å kartlegga dei 18 regnskogområda i Ryfylke som ikkje blir dekka av kartlegginga til Miljødirektoratet (fiolett og orange på kartet).
Kart og faktaark av område som er kartlagt tidlegare finst tilgjengeleg på kartportalen Temakart Rogaland (/Biologisk mangfald/Prioriterte naturtypar), Naturbase eller på Gardskart. Innspel om store/hole eiker i kulturlandskapet og kvalitetsheving av kartlagt kystlynghei vil bli fulgt opp så langt råd også utanfor dei nemnte områda.
Vi mottek gjerne framlegg til område som bør kartleggast og vil då vurdera om dei kan dekkast alt i år.
Spørsmål og innspel om desse kartleggingane kan rettast til kontaktpersonane i høgremenyen eller sasteinnes@gmail.com og mobil 928 07 901 Audun Steinnes..