Naturtypekartlegging og kartlegging av kystfuruskog sommaren 2013
Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører sommaren 2013 naturtypekartlegging i hovudsak i Sola, Time, Hå, Gjesdal, Tysvær og Eigersund ved hjelp av konsulentane Ecofact og Biofokus sommaren 2013.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det vil i sommar gå føre seg fleire typar naturkartlegging i fylket. Tid for kartlegging vil vera avhengig av framdrifta i arbeidet, vêr m.m. Vi vil derfor orientera grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.
Naturtyperkartlegging
Ecofact vil gjennomføra naturtypekartlegging (etter handbok 13, Direktoratet for naturforvaltning) utanom verneområda i Sola, Time, Hå og Eigersund, i hovudsak i låglandet.
BioFokus vil gjennomføra tilsvarande kartlegging i Gjesdal, mest i nordre del, og i Tysvær. Kartlegginga vil for det meste gå føre seg i låglandet i perioden august-september.
Det vil bli lagt særleg vekt på naturtypar som er vedtekne eller er til vurdering som utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Dette gjeld m.a. store/hole eiker, slåttemark (vedtekne), kystlynghei, naturbeitemark og haustingsskog (til vurdering). Det er høve til å søkja tilskot for å ta vare på desse frå Direktoratet for naturforvaltning eller gjennom Regionalt miljøprogram i landbruket. Det er og tilskotsordningar innan landbruket til skjøtsel, m.a. av kystlynghei og naturbeitemark. Det er elles aktuelt å nykartlegga tidlegare kartlagde område der datagrunnlaget ikkje er godt nok.
Kart og faktaark av område som er kartlagt tidlegare finst tilgjengeleg på kartportalen Temakart Rogaland (/Biologisk mangfald/Prioriterte naturtypar) eller på Gardskart Innspel om store/hole eiker i kulturlandskapet og kvalitetsheving av kartlagt kystlynghei vil bli fylgt opp så langt råd også utanfor dei nemnte områda.
Vi mottek gjerne framlegg til område som bør kartleggast og vil då vurdera om dei kan dekkast alt i år.
Kartlegging av kystfuruskog
Biofokus gjennomfører dessutan naturtypekartlegging av kystfuruskog i delar av Rogaland, i tillegg til dei to nemte kommunane i kyststrok med furuskog, mest mellom Sandnes og Vindafjord. Bakgrunnen er dels at det blir arbeidd med ein handlingsplan for kystfuruskog, dels at det trengst eit betre datagrunnlag for frivillig skogvern. Denne kartlegginga blir administrert av Fylkesmannen i Hordaland.
Spørsmål om desse kartleggingane kan rettast til:
Per Kristian Austbø, E-post per.kristian.austbo@fmro.no, 922 88 785 eller
Audun Steinnes, E-post sasteinnes@gmail.com, 928 07 901