Naturtypekartlegging av regnskogmiljø, store eiker og avgrensa område sommaren 2016

Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører sommaren 2016 naturtypekartlegging og kartlegging av store eiker. Miljødirektoratet kartlegg regnskogmiljø i kystfuruskog og kartlegging av andre utvalde område.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.07.2016

Det vil i sommar gå føre seg fleire typar naturkartlegging i fylket. Tid for kartlegging vil vera avhengig av framdrifta i arbeidet, vær m.m. Vi vil derfor orientera grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.

Kartlegging av store eiker

Ecofact gjennomfører kartlegging av store eiker (etter handbok 13, Direktoratet for naturforvaltning) for Fylkesmannen. Det som skal kartleggast er i hovudsak eiker med omkrins over 2 m i brysthøgd og hole eiker med omkrins over 130 cm i brysthøgd. Det er høve til å søka tilskot for å ta vare på og skjøtta store eiker frå Miljødirektoratet eller gjennom SMIL-ordninga i landbruket.

Kart og faktaark av område/eiker som er kartlagt tidlegare og importerte i Naturbasen finst tilgjengeleg på kartportalen Temakart Rogaland (Natur/Utvalde naturtypar/Viktige naturtypar), nettsida Naturbase eller på nettsida Gardskart.

Vi mottek gjerne innspel om eiker som bør kartleggast då det ikkje er endeleg fastlagt kva område som skal kartleggast. Spørsmål og innspel om denne kartlegginga kan rettast til: Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, telefon 51 56 87 00 eller epost fmropost@fylkesmannen.no.

Naturtypekartlegging 2016 på oppdrag for Miljødirektoratet

I området Vest-Karmøy, søre del av Hå-Eigerøy og i delar av Strand og Hjelmeland vil Ecofact i perioden juni-oktober 2016 kartlegga for Miljødirektoratet. Kartlegginga er etter den såkalla NIN-metodikken og ein del av kunnskapsløftet for natur som Stortinget vedtok i 2015.

Oppdragstakarane arbeider i felt for å finna naturtypar som er rekna som særleg verdifulle eller trua i Noreg. Data skal mellom anna brukast i arealforvaltning hos kommune og fylkesmann. Målet er at vi skal få godt stadfesta informasjon om naturen, og fører ikkje til vern eller freding av område. Utføring av oppdraget vil innebera ferdsel i utmark, i samsvar med ferdselsretten i friluftslova.

Dessutan vil Miljøfaglig utredning kartlegga nokre område i Ryfylke som er vurdert å har potensial for verdifull kystfuruskog med eit særleg fuktig regnskogmiljø.

Kart over dei aktuelle områda finst her (lenke til kart).

Dersom det er spørsmål til oppdraget kan de ta kontakt med Miljødirektoratet. Vi rår til å nytta denne e-postadressa som er betjent gjennom heile sommaren: ninkartlegging@miljodir.no

Spørsmål kan og rettast til Fylkesmannen i Rogaland, miljøvernavdelinga, telefon 51 56 87 00 eller epost fmropost@fylkesmannen.no.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.