Kystlynghei har blitt utvald naturtype
Regjeringa har vedteke at naturtypen kystlynghei får status som utvald naturtype. Dette tyder at det skal leggast auka vekt på å ta vare på naturtypen gjennom berekraftig bruk. Dette er eit særleg viktig og positivt vedtak for Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Rogaland er det fylket der det er kartlagt størst areal kystlynghei. Dette heng saman med mykje husdyr som også nyttar utmarksbeite. Dessutan har brennetradisjonen halde seg i delar av fylket.
Gjengroing utan beiting
Arealet med kystlynghei har gått sterkt tilbake det siste hundreåret langs heile Atlanterhavskysten frå Portugal til Lofoten. Kystlynghei er ein sterkt trua naturtype i Noreg. Det største tapet her i landet kjem av gjengroing når beitinga tek slutt, men i Rogaland har truleg tapet vore større på grunn av oppdyrking og oppgjødsling.
Jordbruket har i hovudtrekk skapt desse viktige miljøverdiane og spelar hovudrolla i å ta vare på dei. Statusen som utvald naturtype gjer at også andre samfunnssektorar må ta omsyn til desse verdiane.
Ognaheia i Hå, eit utvald område for kystlynghei i Rogaland. Foto: Roy Mangersnes
Gode tilskotsordningar
Dei siste ti åra har det kome i gang systematisk skjøtsel av store areal i fylket. I fjor vart over 90 000 dekar skjøtta over tilskotsordningar i landbruket, men Klima- og miljødepartementet gir og tilskot til slik skjøtsel. Det er avgjerande for å ta vare på den nye utvalde naturtypen at jordbruksavtalen gir plass til å vidareføra dette viktige arbeidet.
Les meir om kystlynghei her.
Kontaktpersoner
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66