Informasjon om utvalgt naturtype slåttemark i Rogaland
Grunneigarar vil om kort tid få tilsendt informasjon om korleis ein best kan ta vare på den utvalde naturtypen slåttemark.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 09.10.2017
Slåttemark er mark som har blitt danna gjennom århundre i eit samarbeid mellom natur og kultur, og fekk i 2011 status som ein utvald naturtype. Status som ein utvald naturtype inneber at naturtypen er sterkt trua, og er i tilbakegang. Dette er ofte naturtypar som fungerer som viktig levestad for både sjeldne og trua artar.
Vi har nå sendt ut eit informasjonsbrev til grunneigarar som har denne viktige naturtypen på sin eigedom. Her informerer vi om korleis ein best kan ta vare på naturtypen, - og kva plikter ein har som grunneigar.