Høyring revidert forvaltingsplan Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane
Verneområdestyret for verneområda har lagt ut forslag til forvaltingsplan til offentleg ettersyn med frist til 1. november i år.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Store deler av dei åtte verneområda ligg i fjellområda i Rogalandskommunane Suldal, Hjelmeland, Forsand og Gjesdal. Styret for verneområda er sett saman av 1 representant frå kvar av dei 11 kommunane og 1 frå kvar fylkeskommune som har areal i verneområda. I tillegg til Rogaland omfattar vernet 7 kommunar i begge Agder-fylka.
Kart over verneområdet Setesdal, Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane.
|
Alle som har synspunkt eller kommentarar til forslaget er velkomne til å sende innpel. Vi syner til vedlegg for nærare utgreiing om høyringa og sjølve forslaget.
Du kan komme med uttale på ulike vis:
E-post: alf.odden@svr.no
Brev: Verneområdeforvaltar Alf Odden, SVR, Sandsveien 11, 4230 Sand, telefon 480 44 583
Personlig frammøte: Det blir skipa til folkemøte og opne kontordagar i alle kommunane hausten 2014. Desse vil bli nærare annonsert i august. Etter høringsfristen vil verneområdestyret gjennomgå og samanfatte dei innkomne merknadane, og gjere naudsynte endringar i planen.
Endeleg forvaltningsplan skal godkjennast av Miljødirektoratet.
Dokumenter
Aktuelt
Kontaktperson:
Alf Odden, telefon 480 44 583