God støtte til eit reinare Rogaland
Omfattande marin forsøpling har fått stor merksemd dei seinare år, nasjonalt og i Rogaland. Det vert gjort ein stor innsats av særs mange friluftsfolk, grunneigarar, ideelle og offentlege organisasjonar for å rydde strender og havbotn for enorme menger plastikkavfall.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Stortinget har for 2018 sett av 65 millionar til arbeidet, gjennom ein eigen søknadsordning. Miljødirektoratet har no fordelt midla og vel 5 millionar er gått til støtte i Rogaland, mellom andre har alle dei fire friluftsråda våre fått gode bidrag. Ei rekke nasjonale organisasjonar, som også omfattar Rogaland, har fått 19 millionar. Sjå oversikten her.
Fylkesmannen i Rogaland vurderte og ga si tilråding av søknadane til Miljødirektoratet. Vi er glade for at det no blir ein nærmast fylkesdekkande innsats både til lands og i sjøen, i tillegg til mykje godt haldningsskapande arbeid.
Vi ønsker lykke til med innsatsen !