Kva betyr natur- og klimakrisa for kommunesektoren?
Korleis heng klima og naturmangfald saman, og kva betyr denne samanhengen for norsk kommunesektor? Dette blir tema i webinar arrangert av KS den 7. desember.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Webinar om natur- og klimakrisa
Menneskelege aktivitetar innsnevrar arealet der planter og dyr har sitt leveområde, samstundes som dei bidreg til klimaendringar. Begge delar aukar faren for dramatiske endringar både i klima og natur.
Dette er temaet for webinaret «Kva betyr natur- og klimakrisa for kommunesektoren?» som KS arrangerer den 7. desember.
Du finn heile programmet og påmelding her.
Verktøy for å ta klima- og naturomsyn i planarbeid
Kommunalt planarbeid er eit viktig verktøy for å vareta natur og sette i verk tiltak som kan dempe klimaendringane. Det finst fleire verktøy som kan vere nyttig i planarbeidet:
Rettleiar: I planarbeidet kan kommunen bidra til å vareta naturtypar som blir påverka av klimaendringane. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om klimatilpassing av naturmiljø.
Kartfesting av karbonrike areal i Rogaland: I den regionale kartportalen Temakart-Rogaland er det lansert eit eige kartlag som visar karbonrike areal i fylket. Kartet er meint som eit verktøy i den kommunale arealplanlegginga.
Les meir om kartlaget i denne nettsaka.
Du kjem direkte til kartet her.
Kva veit me om samanhengen mellom klima- og naturkrisene?
I Noreg er det allereie observert effektar av klimaendringane på naturen. Det kjem fram på miljødirektoratet si fagside Miljøstatus.
Eksempel på effektar er:
- Vekstsesongen har auka i det meste av landet.
- Laksen vandrar ut frå elvene på eit tidlegare tidspunkt.
- Meir nedbør har gitt større avrenning av næringsstoffer og partiklar. Dette har mellom anna bidratt negativt på tareskogar i kystområde.
Les meir om korleis klimaendringane påverkar naturen, og om klimaendringar og naturmangfald på desse nettsidene:
- Miljøstatus si fagside om effektar av klimaendringar på norsk natur: Effekter av klimaendringer på norsk natur
- Miljøstatus si fagside om klimaendringar og naturmangfald: Klimaendringer og naturmangfold
- Regjeringa si fagside om klima og natur: Klima og natur heng saman
- Miljødirektoratet har publisert ein rapport om kva politikk som er vinn-vinn for både klima og natur: Muligheter for vinn-vinn politikkutforming