Strandkål er ein freda plante i Jærstrendene landskapsvernområde

Strandkål frå Kvalbein, Jærstrendende (foto: Statsforvaltaren i Rogaland)

I verneforskrifta for Jærstrendene (§ 3, bokstav A, pkt. 5), ligg ei liste på 28 plantearter som er totalfreda. Som nummer ni på denne lista står strandkålen. Fredinga tyder at det er forbode å plukka eller på annan måte skade dei viltveksande planteartane.

Publisert 24.05.2024

Strandkålen (Crambe maritima) er ein karakteristisk art for kystlandskapet nå i sommarmånadane. Der landskapet dekkast av knaus og morenestein, spirer dei grove, kålgrøne blada med bukettar av små, kvite blomar. Forskrifta for vernet kom først i 1977 og blei så revidert på ny i 2003. Strandkålen har hatt varierande populasjonsvekst i lang tid og formålet med å frede planten har vore å sikre levedyktige bestandar for framtida. Strandkålen har ein betydeleg funksjon i økosystemet og landskapsbilete på Jærstrendene og den skal her ha lov å utvikle seg naturleg i verneområdet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.