Trekkjer avvik om reinseanlegg for dagsonevatn

Tilbakemeldingen frå Statens vegvesen førte til at Fylkesmannen har trekt to avvik i rapportar etter kontroll av anleggsarbeida med Ryfast på Buøy og Hundvåg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.12.2014

Etter ikkje-varsla kontroll 23.10.2014 ved Statens vegvesen sine anleggsarbeid på Buøy og Hundvåg i Stavanger kommune, sendte Fylkesmannen utkast til tre kontrollrapportar til Statens vegvesen.

Tilbakemelding frå Statens vegvesen fører til at Fylkesmannen trekk to avvik som gjeld handtering av dagsonevatn.

Dei tre kontrollrapportane er nå endelege; to av rapportane er endra i høve til handtering av dagsonevatn.

Tilsaman er det dermed fastsett fem avvik fordelt på tre løyve/kontrollrapportar etter kontrollen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.