Søknad om utsleppsløyve til midlertidig anleggsdrift RV13 Ryfast

Statens vegvesen har søkt om løyve etter forureiningslova til utslepp frå midlertidig anleggsdrift og frå driftsfasen E02 Solbakk og E03 Hundvåg-nord i RV13 Ryfast. Søknaden er no ute til offentleg ettersyn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.02.2013

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Statens Vegvesen om løyve etter forureiningslova §§ 11 og 16. Søknaden omfattar utslepp av vatn frå driving av tunnelar og avrenning/utvasking frå deponerte masser i anleggsfasen, samt utslepp av vaskevatn og overvatn i driftsfasen, frå Solbakktunnelen i Stavanger- og Strand kommunar.

Omsøkt tunnelarbeid er ein del av RV 13 Ryfast, Hundvågtunnelen og Solbakktunnelen. Det vert søkt om løyve etter forureiningslova til utslepp knytt til anleggsarbeid og drift av Solbakktunnelen (14,35 km). Solbakktunnelen skal byggjast med to tunnelløp og med to felt i kvar retning. Tunnelen skal drivast samstundes i to retningar (frå Hundvåg nord og frå Solbakk).

Utslepp av vatn i anleggs- og driftsfasen vil mellom anna føre til utslepp av suspendert stoff, nitrogenforbindelsar, tungmetall og organiske forbindelsar. I driftsfasen kan det vere utslepp av ulike forureiningar frå uhellsutslepp, utslepp/lekkasjar av drivstoff, bremsevæske o.l., og vatn frå sløkkingsarbeid ved brann i tunnelen.

Det vil i eit løyve settast krav til mellom anna utslepp til sjø og til støyutslepp. Det vil vidare settast vilkår om internkontroll, overvaking av reinsetiltak og resipient og handtering av avfall. Utslepp av vatn i anleggs- og driftsfasen skal samlast opp og reinsats i sedimentasjonsbasseng og oljeutskiljar før utslepp til sjø.

Søknadsdokumenta vert lagt ut til offentlig ettersyn i Stavanger- og Strand kommunar, Stavanger Aftenblad, Strandbuen og på nettsidene våre i dokumentlenkjene til høgre.

Eventuelle merknader til søknaden sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan fire veker frå kunngjeringstidspunktet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.