Nytt løyve til Stavanger lufthavn Sola
Avinor AS søker om løyve til flyavising, baneavising og drift av brannøvingsfelt m.m. på gnr. 14, 15 og 16 i Sola kommune. Eit nytt løyve vil erstatte gjeldande løyve til brannøving og gjeldande løyve om avising.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Flyavising omfattar drift av avisingsanlegg for fly inklusiv preventiv avising (anti-ising) på oppstillingsplass (gate) og drift av alternativ avisingsplatform.
Avinor ynskjer å nytte 150.000 liter 100 prosent glykol til flyavising på avisingsplattforma (med 75 prosent avrenning til kommunalt nett) og 15.000 liter 100 prosent glykol til preventiv avising (med 10 prosent avrenning til Solavika).
I dag kan det sleppast ut 70.000 liter 100 prosent glykol frå avisingsplattforma til kommunalt nett og 5.000 liter 100 prosent glykol frå preventiv avising til Solavika. Det blir søkt om forbruk av baneavisingskjemikaliar svarande til 50.000 kg KOF per sesong eller 38.500 kg BOF5. Årleg forbruk ligg vanlegvis godt under 25.000 kg KOF.
Glykol er biologisk nedbrytbart, men nyttar særs mykje oksygen i prosessen. Det gjeld også baneavisingsmiddel. KOF/BOF5 er uttrykk for kor mykje oksygen som blir brukt til å bryte ned det organiske stoffet kjemisk (KOF) eller biologisk i løpet av f. eks. 5 døgn (BOF5). Avrenning vil skje til kommunalt nett, Solavika eller Hafrsfjord.
Det blir søkt om drift av brannøvingsfelt i same omfang som tidlegare. Dette vil gi røykutslepp til luft. Rester av flybensin og slokkemiddel renn via oljeutskillar til kommunalt nett. Utanom øvingane renn overvatn til bekk som renn ut i Solavika.
Søknaden og utleggingsdokumenta gjer greie for kva det blir søkt om, konsekvensar og dei tekniske sidene av saka. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn hjå Sola kommune og i høgremargen på denne nettsida.
Uttale kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, Miljøvernavdelinga, postboks 59, 4001 Stavanger, innan fire (4) veker frå kunngjeringsdato. Privatpersonar, råd og interesseorganisasjonar bes senda kopi av fråsegner til kommunen og Rogaland fylkeskommune.