Løyve til utvida utfylling i sjø ved Kuneset på Hundvåg

Statens vegvesen Region vest har fått løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved gnr.4 bnr.120 ved Kuneset på Hundvåg i Stavanger kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.02.2016

Løyvet gjeld utfylling av om lag 360 000 m3 sprengsteinsmassar frå Ryfastprosjektet. Om lag 100 000 m3 av disse er massar frå før prosjektet gjekk over til å nytte sprøytebetong med stålfiberarmering, og inneheld difor plastfiber.

Vilkår for spreiing av plastfiber

Dei plastfiberholdige massane skal fyllast innanfor ei tett barriere av reine sprengsteinsmassar, slik at det ikkje skal førekomme spreiing i sjø.  Utfyllinga vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 20 500 m2. Det er i løyvet mellom anna sett vilkår om tiltak for å hindre spreiing av plast, bruk av siltgardin for å skjerme ei nærliggande ålegraseng mot nedslamming, sedimentfelle for overvaking av sedimentering, samt ei biologisk undersøking av ålegrasenga etter ferdigstilling av anleggsarbeida.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå lenkjer til saksdokumenta i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.