Løyve til utfylling i sjø Treholmen ved Husøy

Husøy Eigedom AS har fått løyve etter forureiningslova til sprenging og utfylling i sjø ved eigedomen 86/71 Treholmen, Husøy i Karmøy kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.03.2016

Løyvet omfattar utfylling av om lag 40 000 m3 reine sprengsteinsmassar i to områder samt sprenging i samband med nedsetting av pelar. Tiltaket vil røre ved eit sjøbotnareal på om lag 9 200 m2. Formålet med arbeidet er etablering av ein ny kai og betre utnytting av tomta som næringsareal.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan 3 veker frå kunngjeringstidspunktet. Eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå lenkjer til saksdokumenta i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.