Løyve Stavangerregionen Havn IKS til mudring og peling i sjø ved Mekjarvik
Fylkesmannen har etter søknad gitt løyve til mudring og peling i sjø ved eigendomane 51/52 og 88 i Randaberg kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Stavangerregionen Havn IKS ønsker å utvida kaia ved Mekjarvik og vil auke sjødjup ved mudring av totalt ca. 12 500 m3 sediment og steinar. Det er i løyve sett tidsavgrensing av omsyn til gytetida for torsk og sild, og om overvaking av turbiditet for å kontrollere spreiing av forureina sediment mot ålegraseng og tareskog ved Mekjarvik ferjekai.
Boreslam frå arbeid med å bore peler skal samlast og leverast godkjent mottak.
Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunket. Ei eventuell, grunngjeven klage skal rettast til Miljødirektoratet og sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.
Sjå løyve i vedlegget til denne nettsaka.