Løyve etter forureiningslova til NorSea AS
Fylkesmannen har 14.05.2014 gitt løyve til NorSea AS til mudring og nedsetting av peler i sjø for utbetring og forlenging av eksisterande kai. Det er i løyvet mellom anna satt krav til tiltak for å hindre spreiing av forureina sjøbotnsediment under arbeida.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Arbeida i Risavika omfattar nedsetting av om lag 50-60 peler (dimensjon ca. ø 700-1000 mm) og mudring av om lag 200 m3 botnsediment. Oppmudra massar som ikkje er forureina skal plasserast under nytt kaianlegg. Samla vil tiltaket dekke eit areal på ca. 2,5 mål på sjøbotnen.
Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenkene til høgre.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.