Løyve etter forureininglova til Lyse Produksjon AS
Lyse Produksjon AS har fått løyve til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø i Lysebotn i Forsand kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 09.05.2014
Fylkesmannen har 09.05.2014 gitt løyve til Lyse Produksjon AS til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø for etablering av molo/småbåthamn. Det er i løyvet satt krav til tiltak for å hindre at marine naturverdiar vert negativt påverka som følgje av partikkelspreiing under arbeida.
Utfyllinga i Lysebotn omfattar om lag 570 000 m3 sprengstein, og den vil dekke eit areal på ca. 41 mål på sjøbotnen.
Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenka til høgre.
Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.