Etterhandskunngjering endra løyve til arbeid i sjø ved Husøy i Karmøy

Husøy Eigedom AS har fått endra løyve til arbeider i sjø ved gnr. 86 bnr. 71 Husøy i Karmøy kommune.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.06.2016

Husøy Eigedom fekk 21.03.2016 løyve etter forureiningslova til utfylling og sprenging i sjø i samband med etablering av ny kai ved gnr./bnr. 86/71, Husøy i Karmøy kommune. Fylkesmannen endra i vedtak av 14.06.2016 løyvet til å også omfatte sprenging av ein fjellskalk utanfor framtidig kaifront. Sprengsteinsmassane med eit volum på om lag 320 m3 kan leggjast på djupare botn i same område.

Vedtaket om endring kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringstidspunktet. Ei eventuell grunngjeven klage kan rettast til Miljødirektoratet og sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no.

Sjå saksdokumenta i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.