Løyve til mottak av farleg avfall Svaaheia Avfall AS
Fylkesmannen har gitt Svaaheia Avfall AS løyve til mottak av 1500m3 massar farleg avfall på tiltaksområde Jøssingfjord i Sokndal kommune.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 01.07.2020
Etter forureinningslova § 11, jf. 16 er det gitt løyve på visse vilkår til Svaaheia Avfall AS til mottak av farleg avfall som ikkje er omfatta av løyve gitt 12.12.2019.
Sjå løyve 12.12.2019 og nytt løyve med vilkår i dokumentlenkene. Vedtaket kan klagast på til Miljødirektoratet innan tre veker frå denne kunngjeringa.