Kveldsseminar om miljøgifter i kvardagen
Velkomen til gratis seminar "Er det farlig?" onsdag 2. november kl 18 - 21 i Spor 5 i Jernbanebygget, Stavanger. Du vil møte fagpersonar som fortel kva miljøgifter er, kor desse finnes, kva dei gjer med miljø og menneske og kva vi kan gjere for å beskytte oss.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 20.10.2016
Frå programmet:
- Velkomen - Bjørg Tysdal Moe, varaordførar i Stavanger
- Giftfri kvardag – eit Stavanger-initiativ ved Gabrielle Brennhaugen
- Miljøgifter – kva gjer dei med miljø og menneske, Per-Erik Schultze, Naturvernforbundet
- Kva gjer styresmaktene for å stoppe miljøgiftene? Ingunn Correll Myhre, Miljødirektoratet
- Svanen og andre miljømerke, Tormod Lien, Stiftelsen Miljømerking
- Korleis sikre forbrukarane ein giftfri kvardag, Gunstein Instefjord, Forbrukerrådet
Programleiar for kvelden er Per A. Thorbjørnsen, Venstre-politikar og leiar av Kommunalstyret for miljø og utbygging i Stavanger kommune.
Sjå heile programmet i høgremenyen.