Etterhandskunngjering av løyve til Halliburton AS
Fylkesmannen har etter søknad gitt Halliburton AS, NorSea-base, Dusavik løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 03.04.2017
Søknaden til Fylkesmannen om løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall inneber i realiteten at eit i hovudsak likelydande løyve til behandling av farleg avfall vert overført frå Miljødirektoratet til Fylkesmannen i Rogaland.
Vedtaket om løyve kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Mogleg, grunngjeven klage skal rettas til Miljødirektoratet og sendas Fylkesmannen i Rogaland, fmropost@fylkesmannen.no.