Førespurnad uttale til tiltaksplan for forureina grunn ved nedlagt skipsverft i Eidsbotn
Eigedomen tilknytt gnr.68 bnr.14 Eidsbotn i Karmøy kommune er forureina, på land og i botnsedimenta i sjøen, av organiske og uorganiske miljøgifter.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Etter pålegg frå Fylkesmannen har Cowi AS på vegne av Karmsund Maritime Eide AS utarbeida plan med føreståande tiltak for å rydde opp i forureininga på land. Fylkesmannen vil på grunnlag av eigne vurderingar av tiltaksplanen og uttaler etter høyringa varsle pålegg til Karmsund Maritime Eide AS om å gjennomføra forureiningsavgrensande tiltak på land. Opprydding i grunnforureining på land vil bidra til å fjerne kjelder til forureinande utslepp til sjøen.
Sjå pålegg frå Fylkesmannen og utkast til tiltaksplan med miljørapport i dokumentlenkene til høgre.
Frist for uttale er 1. mai 2015. Uttale kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no.