Rimelegare lån til landbruket?
30. juni 2024 sette Finansdepartementet i verk ei ny forskrift som inneber nye reglar for kapitalkrav for næringslån med pant i landbrukseigedom.
Dette vart frå departementet presentert som «no kan landbruket få rimelegare lån», men i realiteten medfører ikkje forskriftsendringa nokon vesentlege effektar for eigenkapitalen eller kapitaldekninga.
Regelverket står no i stil med forvaltningspraksis
Forskrifta kom som eit resultat av at Finanstilsynet ønskte å auka kapitalkravet til 100% og dermed endra den praksisen bankane har brukt sidan 2007. Praksisen inneber at bankane bereknar kapitalkrav ut frå verdien på bustaddelen kontra totalverdien på garden noko som samla sett har gitt eit kapitalkrav på rundt 50%. Finanstilsynet sitt forslag vann ikkje fram, og forskrifta som vart sett i verk i juni gjer at landbruket unngår ein kraftig auke i lånekostnadene.
Liten betydning for kundar i SR-bank
Fagleiar innan landbruk i SR-bank, Morten Malmin, seier dette om den nye forskrifta:
- I praksis vil den nye forskrifta utgjera ein forskjell for dei bankane som bruker «standardmetoden» i utlånsutrekningane sine, og altså ikkje bankar som har IRB-status (kredittrisiko), som til dømes SR-Bank, seier Morten Malmin.
Sjølv om den nye forskrifta ikkje vil utgjera ein direkte forskjell for utlånspraksisen til SR-bank, så rosar Malmin den politiske innsatsen som er lagt ned for å få dette vedteke. Dette vedtaket vil ha stor betydning for dei mindre bankane og konkurranseevna deira, noko som generelt vil komma landbruksnæringa til gode. Bankane kan auka utlåna sine utan å binda meir kapital og utan å måtta ta høgare marginar på utlåna sine.
Vanleg praksis blir vidareført
Landkreditt og Jæren Sparebank er døme på bankar som bruker den såkalla standardmetoden i utrekningane sine.
Landkreditt er den største långivaren til landbruket på nasjonalt plan, med ein utlånsportefølje på rundt 15 milliardar kroner. Landkreditt kommenterte saka i ei pressemelding tilbake i desember 2023 etter at Finansdepartementet hadde presentert endringane som no er forskriftsfesta.
– Det er svært positivt at regjeringa med Vedum i spissen tek grep for å sikra konkurransevilkåra for små og mellomstore bankar over heile landet. Dette er viktig for å sikra tilgangen på kapital for landbruket og norsk matproduksjon, seier Ole Laurits Lønnum, konsernsjef i Landkreditt.
Den førebelse vurderinga til Landkreditt tilseier at dagens avklaring medfører at noverande kapitalnivå for lån til landbruksnæringa tilnærma blir vidareført.
- Me er glade og letta over at Finansdepartementet har funne ei løysing som ikkje aukar kapitalkostnaden og medfører auka rentekostnad for landbruket i ei elles krevjande tid. Paradokset er at skjerpingane ville ha komme i ei tid der det for Noreg sin del aldri har vore viktigare å halda oppe beredskap og norsk matproduksjon, og dette for ei samfunnskritisk næring med låg risiko, kommenterer Lønnum.
Historisk låg tapsprosent
Jæren Sparebank er òg ein betydeleg aktør som långivar til landbruket, der 50% av utlånsporteføljen deira på bedriftsmarknaden er knytt til landbruket.
Jæren Sparebank viser til ein rapport frå Noregs Bank som seier at landbruket har historisk låg tapsprosent, og betydeleg lågare enn bedriftsmarknaden sett under eitt. Faktisk ligg tapsprosenten nokolunde likt med tal frå privatmarknaden som i all hovudsak er bustadlån.
- Landbruk blir risikomessig vurdert ein stad mellom bustadlån og anna næring, og derfor blir landbruk prisa lågare enn anna næring generelt hos oss. Dette er ein praksis me har brukt over lang tid som me no kan halda fram med i og med at auke i kapitalkrav på lån til landbruket vart hindra. Dette seier direktør for risikostyring og compliance, Elisabeth Frøyland, som er positiv til at dette no er forskriftsfesta.
Kva er IRB?
Kredittrisiko. Utrekningsgrunnlaget for kredittrisiko kjem fram ved å vekta utlån med den antekne risikoen til motparten, og kan fastsetjast etter to metodar: standardmetoden og interne målemetoder (”internal-ratings-based approach”- IRB).