Fagdag om beredskap i landbruket

Brannen i Sokndal kom svært nær hus og bygningar.
Brann i Sokndal. Foto: Statsforvalteren i Rogaland

Onsdag 22. februar inviterer Tysvær bondelag bønder til fagdag om korleis ein kan handtera ulykker på garden.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2023

Kva skjer når bonden ikkje kan gå i fjøsen pga. sjukdom, ulykke eller død? Korleis kan ein handtera brann eller ulykke på garden?

Dette er viktige tema om situasjonar som me ikkje ønskjer skal skje, men som kan ramme oss alle. Tysvær bondelag med støtte frå fleire aktørar arrangerer fagmøte om beredskap i landbruket.

Dato: 22. februar

Stad: Stemnestaden leirplass i Gride

KL. 09.30–15.00

Det vil bli halde innlegg frå blant anna: Rogaland bondelag, Haugaland brann og redning, Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Sparebank 1 forsikring, bønder og andre landbruksrådgivare.

Alle som kan bli råkast av ulykker i landbruket, enten sjølve, eller ved å vera nettverk til ein bonde kan delta. Det er gratis inngang og lunsj.

Påmelding innan 16. februar via link : https://forms.gle/jsLKPyfEKr8GLZ837

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.