Tilskot til opplæring av sesongarbeidarar i grøntnæringa
Situasjonen med Covid-19 og innreiserestriksjonar har gitt grøntnæringa utfordringar med å få tak i arbeidskraft. For å kompensere for noko av kostnadsauken for arbeidskraft med behov for opplæring, er det kome på plass ei refusjonsordning.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Tilskotet kan gis til føretak som produserer grønsaker, frukt, bær eller poteter, og som tilsett sesongarbeidarar i 2021. Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret. Opplæringstilskotet er på 6 500 kroner per arbeidstakar som oppfyller vilkåra.
Søknadsfrist 15. november
Søknader om tilskot skal sendast til Landbruksdirektoratet, og føretaket skal nytte elektronisk søknadsskjema. Søknadsfristen er 15. november 2021.
Meir informasjon om ordninga finn du på nettsidene til Landbruksdirektoratet.