Tilskot til bygging av gjødsellager i heile Rogaland også i 2018!
Utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel vil vere ei god investering både av omsyn til økonomi, agronomi, forureining og klima. I år er det tørke som har vore utfordringa, i fjor var det alt regnet. Klimautfordringane gir ein ekstra god grunn til å vurdere bygging av nytt gjødsellager, særleg av omsyn til det å kunne gjødsle på rett tid. Nå kan bønder i heile fylket søke tilskot til bygging av gjødsellager.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Over 70 bønder fekk tilskot til bygging av nytt gjødsellager hausten 2017, men framleis er behovet stort. Vi vil motivere fleire til å utvide gjødselagerkapasiteten som både er god økonomi og agronomi.
Tilskot til gjødselager i heile Rogaland
Partnarskapen har grunna tørkesituasjonen blitt samd om å innføre ei ordning med tilskot til gjødsellager som gjeld i heile Rogaland. Det er også lagt vekt på at det i jordbruksoppgjeret dette året er opna opp for å gi støtte til gjødsellager i 2019. Det vil vere eit tilskotstak på kr 100 000,-. Innovasjon Norge vil behandle sakene fortløpande, og det er ikkje søknadsfrist.
Bygg lager nå!
Bønder i Rogaland er kjende for å følgje med i utviklinga, og helst ligge litt i forkant av det som kjem. Det er mange utfordringar og investeringsbehov i næringa, men vi kjem ikkje utanom bygging av gjødsellager også denne vinteren. Og med nemnte tilskot blir dette ekstra gunstig.
Brevet til Innovasjon Norge om ordninga finn du vedlagt.
Kontaktpersoner
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13