Tid for å søkje produksjonstilskot og avløysartilskot
Søknadsfristen er 15. oktober. Søknadssystemet opnar for registrering 1. oktober, og vi tilrår at søknaden blir levert i god tid før fristen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Det er dei dyra som du har 1. oktober som skal førast opp i søknaden. Du finn meir informasjon om kva du kan søke på i "Veileder til søknad om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket" som du finn på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Vær nøye med utfylling av søknaden
Det er viktig at det er rette tal som blir lagt inn i søknaden. Søknaden fyller du ut elektronisk, og du finn søknaden på Altinn. Før søknaden kan sendast inn må du trykke på knappen "Kontroller søknad". Etterpå må du hugse på å trykke på "Send inn"-knappen. Du får då opp eit vindu med stadfesting på innsendt søknad.
Det blir samtidig sendt stadfesting på innsendt søknad til foretakets Altinn-innboks. Du bør sjekke at kvitteringa er mottatt etter at søknaden er sendt inn (vær merksam på at det kan ta litt tid før kvitteringa blir tilgjengelig i Altinn). Dersom du ikkje får kvittering på innsendt søknad i Altinn, må du kontrollere om du faktisk har sendt inn søknaden og eventuelt kontakte kommunen for hjelp.
Ta kontakt med landbruksforvaltninga i kommunen om du har spørsmål.