Produksjons- og avløysartilskot blir utbetalt i februar

I 2018 er det 4160 føretak i Rogaland som har søkt om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Det er ein nedgang på 35 føretak eller 0,8 % samanlikna med 2017.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.12.2018

Produksjonstilskotet og avløysartilskotet blir no utbetalt ein gang i året, i februar. Utbetalinga er basert på tal dyr og areal frå føregåande år. Søknadsfristen er 15. mars og 15. oktober. Nokre opplysningar kan etterregistrerast innan 10. januar. Søknadene for 2018 er no til behandling i kommunane.

I 2018 blei det utbetalt totalt kr 1,1 milliard i produksjonstilskot og avløysartilskot til jordbruksføretak i Rogaland. Utbetalinga gjekk til føretak som søkte tilskot i 2017. Totalt var det 4195 føretak i Rogaland som søkte om tilskot i 2017.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.